page view image

Sommarrevyen Florø "Flettar sommaren saman"

Arrangementsinformasjon
event image

Sommarrevyen Florø "Flettar sommaren saman»


Det er endeleg klart for ny Sommarrevy i Florø! Ta med deg kollegaer og vener til ein herleg, super-sosial festkveld. Saman med aktørar frå Florarevyen, Øyvind Angeltveit og norgesmeister i revy, Ole Bergesen (bildet), skal vi skape gapskratt for landkrabbe og sjøulk. Her er det berre å halde på hatten!

Oppskrifta på den deilige fønvinden i vest er ein dryg  times revy og herleg allsong med heftige Glimmer og Jan Kjetil Klubben og co etterpå. Sjølvsagt med serveringsløyve - utan å gå mann over bord av den grunn; for her er det fri aldersgrense!

På dagtid laurdag køyrer vi også ei rein revyframsyning utan allsong etterpå.


Framsyningar i Revyteltet, Torget:

Fredag 19 august: kl 19-01 (revyen startar kl 20.15) – kr 400,- (450,- i døra) - Revy og allsong

Laurdag 20 august: kl 19.30-02 (revyen startar kl 20.30) – kr 400,- (450,- i døra) - Revy og allsong

Laurdag 20. august: kl 17.30 (utslepp før kl 19) - kr 325,-. Kun revy

For større gruppebestillingar:

Per Øyvind Helle, epost: per@hipphipp.no - 40402905

revy
sommarrevy
florarevyen
florø
kinn
allsang
festival
allsong
sommerrevy
sommershow
glimmer

Restriksjoner

Ungdom under 18 år i følgje med vaksne. Må forlate teltet innan kl 22 på revykvelden.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.